Meny

Kalender

Desember
MTOTFLS
262728293012
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31123456

Aktiviteter

12.12.2018
Nattcup 3

18:00 - 20:00

Varegg

13.12.2018
Intervalltrening

19:00 - 20:00

Statoilgarasjen

17.12.2018
Vinterkarusellen

19:00 - 20:00

Fana Stadion

21.12.2018
Julemiddag

19:30 - 23:00

Scandic Flesland Airport

26.12.2018
Romjulsløpet

10:00 - 15:00

Stord

Lake 5-days 2018

Årets sommerløpstur går til Lake District og Lake 5 days, i nord-vestre England. Me i Gneist orientering satsar fullt på stor deltaking her, og me håpar på flest mogeleg deltakarar.

2018-01-18
stunor

Det er 5 o-løp, fordelt på 6 dagar, og går frå 29. Juli til og med 3. August.

Meir informasjon om løpa kan ein finne her: https://www.lakes5.org.uk/

Me har reservert overnatting for 20 personar på Elterwater Park Country Guest House fra 29. Juli til og med laurdag 4. August. Det er allerede 14 personar som har meldt seg på, og det lønner seg difor å vere tidleg ute. Prisen for overnatting her vil vere om lag 3500kr per person for alle nettene. Me har fått reservert overnattinga fram til byrjinga av februar, då me må bekrefte kor mange plassar me vil ha. For å reservere så mange rom vil det og verte naudsynt å betale eit depositum allereie i februar, men dette vil påmeldte deltakarar få nærare beskjed om.

Dersom me vert fleire enn 20 deltakarar, vil me ordne overnatting for resten på alternative stadar. Me prøver så godt det lar seg gjere å finne noko i nærleiken, slik at me lettare kan finne på ting ilag, for dei som har lyst til det. Området me bur i er og greit med tanke på køyreavstand til løpene, då det ligg ganske midt i Lake District.

Reise ordnar kvar enkelt sjølv. Lake District ligg plassert slik at det er mange alternativ med fly fra Bergen:

  1. Widerøe direkte til Aberdeen.
  2. SAS til Manchester via Oslo. Ca 2 timar køyring.
  3. KLM til Glasgow, Edinburgh, Leeds, Manchester eller Newcastle via Amsterdam.
  4. Loganair til Glasgow (direkte) eller Manchester
  5. Norwegian til Edinburgh og Manchester via Oslo.

Det er og mulig det finnes andre alternativ som er greie, både med tanke på reisetid og pris. Skulle ein finne noko er det fint om ein gir beskjed slik at andre eventuelt også kan nytte seg av tilbodet.

Det vil vere nødvendig med leigebil for å komme seg fra og til både flyplassar og løp. Det er då ynskjeleg at ein fyller opp bilen, både for at alle skal få plass, men dette vil og gjere turen rimeligare.

Køyretid varierer fra om lag 5-6 timar frå Aberdeen, til 2-3 timar frå dei andre byane til Lake District.

PÅMELDING HER.

Mange har alt meldt seg på! Se listen her.

Spørsmål? Send ein epost til bjorn_Field@hotmail.com